Gå tilbake til arkivet

SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2011

Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar. I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging, får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet. Turorientering lar seg godt kombinera med til dømes bær- og soppturar, trimtur eller berre for å koma seg ut i skog og mark, nyta naturen, gjerne på stader der ein aldri har vore før. Mange har oppdaga at turorientering er god medisin mot dårleg rygg og andre plager i musklar og skjelett.

Seks ulike kart og terreng.  Sveio O-lag kan i år tilby turorientering spreidd kring i kommunen. Lengst nord i kommunen, fra Festningen på Tittelsnes og nordover den låge skogkledde halvøya til Røysanes ligg fleire vårpostar. Me tilbyr elles tur-o-postar på moderne kart mellom Valevåg, Einstabøvoll, Valesåto og Haugsgjerd.
   I tillegg er det lagt ut postar i Auklandshamn, langs Paddevegen og rundt Børshovda. Området ved Hope og Liereid er også tatt med.

Kva er turorientering? Turorientering er ikkje vanskeleg og krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plater/flagg. På desse platene står skrive posten sitt nummer og to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.

Når kan du starta? Startskotet går søndag  10. april. Dei postane, som på kartet er avmerka med ein sirkel, vil stå ute heile våren fram til 26. juni. Då blir vårpostane samla inn. 24. juli blir haustpostane plasserte ut. Haustpostane er avmerka på kartet som trekantar. Desse postane står ute fram til 27. november.

Postkasse og premie: Både vår og haust er det sett ut ein postkasse ved eit av postmerka. Her er det høve til å skriva namnet sitt i ei bok og vera med på trekninga om ein premie. 
 
Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipostane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med firkantar.
Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00.
   På Festningen Tittelsnes held kaffiposten ope søndag  19. juni under Finn Fram dagen. Om hausten innbyr me til Kaffipost 4. september i friområdet Slettene. Alle som stikk innom dei to kaffipostane blir med i trekninga av ein populær, nyttig og sportsleg premie.

Kåre Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund

Telefon: 52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64

www.ekrene.no post@ekrene.no

Materiell: Deltakarkonvolutten inneheld i år 6 stk kart og 2 stk kontrollkort og det nye tilbodet Foto-o saman med diverse informasjonsmateriell.. Konvolutten kan kjøpast i Sparebanken Vest i Sveio, hos Haukås bensinstasjon og i Førde Dagligvare. Treng familien fleire enn to deltakarkort, må dei kjøpast i tillegg for kroner 30 pr. stk.  

Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda inn til Astrid Nesse, Nedre Fjellstad 35, 5550 Sveio, innan 1.desember. 
NB! Via internett: Innsending av kontrollkort via internett var eit nytt tilbod i fjor. Me håpar enda fleire vil nytta dette tilbodet i år. Her kan du også føra inn dine postkodar etterkvart som du har besøkt postane. Sjå meir info på eige ark og på Sveio O-lag si heimeisde: www.sveiool.org.

Krav til merke og plakett: For å oppnå gullmerke må du i løpet av sesongen ha besøkt 50 postar. Har du vore innom 35 postar , er du kvalifisert til sølvmerket, medan bronsemerket krev 20 postar .
Etter femte sesongen med oppnådde krav til gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke. Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år med gullsesongar. Ein kan også oppnå plakettar etter 20 og 25 år med gullmerke.
NB!Merke og plakett er inkludert i prisen når du kjøper deltakarkonvolutt/kontrollkort.

Jakttid: Jakta etter hjort  startar 10. september og varer heilt fram til 25 november utan pause.
Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta, varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23. desember.
Kle dykk fargerikt i jakttida.  

Avslutningsfest: Sveio O-lag har dei siste åra skipa til avslutningsfest i januar/februar  i Førde samfunnshus. Slik blir det også etter denne sesongen. Under årsfesten skal heider og merke delast ut. Her blir underhaldning og loddtrekning med flotte gevinstar.

NB. NB.NB.NB.NB.
Gå ikkje over innmark. Parker ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!

Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008