Finn Fram dagen 2012
Av Kristian den 13.06.12
Aktivitetsdag for heile familien
I friluftsområdet Slettene, Auklandshamn
Søndag 17. juni kl 12-15.
Fiskekonkurranse, luftgeverskyting, tippekonkurranse, o-sprint-løype, sal av grillmat, sild og poteta, kaker, saft og kaffi, instruksjon i kart og kompass. Fine premiar!
Desse laga blir med: Sveio Kystlag, Sveio Turlag, Sveio Skyttarlag, Sveio Jakt-, Fiske og Naturvernforening, Ørevik 4H og Søndagsskulane i Sveio.
Hovudarrangør: Sveio Orienteringslag
Sjå meir info: www.sveiool.org
P.S. Parkering ved skulen/butikken: Kart med o-løype fram til Slettene.
Finn Fram til ”Nye Slettene”
Lag og organisasjonar som helst gjer det i friluft lagar stort felles stemne i Slettene ved Auklandshamn på søndag.
Friområdet Slettene er betre tilrettelagt enn nokon gong før.
Finn Fram dagen, med Sveio Orienteringslag som hovudarrangør, tar i bruk heile det idylliske friområdet Slettene denne gongen. Leiaren i Sveio O-lag, Thomas Førde, ønskjer velkommen til Slettene med mange nye mulegheiter med mellom ann nye hengjebruer som gjer at ein idyllisk holme nå kan takast i bruk både til grilling, bading fisking og tur i fjæresteinane.
For at alle skal finna høveleg parkeringsplass søndag, oppmodar arrangøren til parkering ved butikken i Auklandshamn. Her vil alle få tildelt kart som viser fleire orienteringspostar med kodebokstvar langs ruta fram til Slettene.
Alle som leverer inn dette løypekartet med rett løysingsord blir med i trekking av premiar.
Frå Finn Fram Dagen på Tittelsnes i fjor
I Slettene er sju ulike friluftslag stasjonert på kvar sin idylliske post langs fjæresteinane. På kvar post finn deltakarane utfordrande oppgaver pluss at kvart av dei ulike friluftslaga aktiviserar og presenterer seg sjølve. Her blir dessutan sala av grillmat, sild og poteta, kafffi, saft og kaker.
I fleire av konkurransane, som skyting og fisking m.m. blir det premiar til dei beste. Alle som fulfører rundlypa får deltakarpremie.