PM for KM Mellom 5. september 2009

 

 

Velkommen til o-løp i nytt terreng og på heilt nytt kart, kalla Festningen.

 

Festningen er, som namnet tilseier, eit gammalt millitært  område, som blei anlagt av tyskarane under andre verdskrigen. På det meste skal her ha vore nær 800 tyske soldatar. Framleis kan ein finna spennande opningar og dørar inn til hemmelege ganger, artilleristillingar, djupe passasjar  og tunnelar mellom stillingane.

 

 Etter krigen har området vore nytta av Heimevernet som øvings- og kursstad.

 

Det nye kartet er synfart og teikna i 2009 i målestokk 1:10 000

Men dagens løyper er trykte på kart i to ulike målestokkar for å gjera kart og løyper best mogeleg lesbare.

 

Målestokk 1: 7500 for løypene 1 til og med 4. Dette gjeld alle meisterskapsklassane.

Målestokk: 1: 5000  gjeld for  løypene 5 til og med løype 7, med andre ord C- og N-løyper.

 

Utdeling av kart. Løparar i C og N-klassar får kartet i lagsposane, medan  dei andre løparane får kartet ved start.

 

Kartteikn: Ettersom målestokken på kartet er endra, vart det ikkje plass til kartteikn på utskrifta. Kartteikna  er viste på kartoppslag ved samlingsplass.

 

Eit kartteikn er ikkje forklart. Det gjeld skyttargravsgangar, som tyskarane laga.. Dei finst i området nær mål for deltakarane i løype 1 til og 4. Skyttargravsgangane er merka på kartet med tjukk brun strek. Dei framstår i terrenget som djupe grøfter og vil bli merka med merkeband/sløyfer slik at alle er klar til å hoppa over før ein ramlar ned i.

 

Start 1: Gjeld for alle løyper utanom N-Open (Løype 7). 12 minuttar å gå til start 1 frå samlingsplass.

Start 2: Gjeld for N-Open og for Småtroll og ligg på samlingsplass.

 

Mange postar: I området nær mål ligg mange postar med kort avstand mellom. Pass på at du stemplar på rett post og i rett rekkefølgje. Viktig å sjekka postkodane.!

 

 

 

God tur

 

Med helsing

Sveio O-lag

 

 

 

.