PM
individuelt lørdag 14.august
Nytt kart i jomfruleg
og variert terreng. Løype 6 og 7 går for det meste i gamalt
kulturlandskap med store innslag av lauvskog, beite og sti. Løypene 1 til og
med 5 får store innslag av sti-løping i barskog der
topografien er småkupert. Til lengre løypene er til større blir variasjonane i terrengtype. Dei
lengste løypene får også prøva seg i meir grovkupert
terreng med skråliar og myr.
To kart:
Løypene 1 til 7 nyttar kart i målestokk 1 : 10 000.
Løypene 8 og 9 (nybegynnarløypene) får kart i
målestokk 1 : 5 000
To startplassar:
Løype 1, 2,
3,4,5,6 og 7 har start nr. 1, det vil seia at deltakarane
i desse løypene må rekna ca 25
minuttars gange til start, nordover langs vegen frå samlingsplass. (Sjå
kartoppslag på samlingsplass) Følg skilt og merking fra samlingsplass.
Løype 8 og 9,(nybegynnarløypene) har Start nr. 2. som ligg like sør for samlingsplass med under
eit minutt gangtid. (Sjå skilt og kartoppslag)
Sjekk om brikkene
verkar før du går fra samlingsplass. Testbukkar (null-postar) er sett opp på vegen til start, like ved
samlingsplass)
På kartet er skravert
felt med rødt over dyrka mark (gul farge). Dette er forbudt område.
Det er elles tillatt å springa over beitemark i løypene 6 og 7.
Gjerdepassasjar er merka av på kartet. Her er sett opp gjerdeklyvarar
som skal nyttast.
Avmerka
gjerdepassasje kan også vera grind. I begge tilfelle
er passasjane markert med merkeband slik at dei skal vera lett synlege. Dette gjeld i løypene 6 og 7.
Nytt gjerde er sett opp etter at kartet var reinteikna. Sjå kartoppslag på samlingsplass. Difor er det viktig å sjå etter gjerdeklyvarar.
Dette gjeld løypene 6 og 7.
Drikkepostar.
Drikke tilbys ved
start. Dessutan er to drikkepostar
merka av på kartet for løypene 1 til og med 5. Hugs å få i deg nok væske i
varmen!
Brikkelappar:
I lagsposane
ligg brikkelappar til alle deltakarane
med ferdig påtrykt tekst. For etteranmeldte løparar
må klubbane syta for å fylla ut brikkelappar
på vanleg måte.
Postkodane er som ein ekstra service trykt på kartet ved sida av posten sitt
nummer i den aktuelle løypa
Ved
målpassering blir
brikkene sjekka om dei verkar.
Dersom brikkene har ”slokna”, vil brikkelappen bli tatt inn og tida notert
manuelt.
Men alle må ta
vare på brikkelappen saman med strekktidelappen etter målpassering. Dette kan vera viktige dokument dersom feil eller tvil skulle oppstå.
Alle merknader og
spørsmål til slutttid/resultat må deltakarane/klubbane
ta opp med sekretariatet.
God tur i variert
terreng
Helsing Sveio O-lag