Velkommen til Barnas o-tur 2008
og Nærtrimmen for dei vaksne
Fire ulike kart ligg i plastlomma for årets sesong. Tre av karta er i målestokk 1:5000. Det betyr at ein centimeter målt på kartet utgjer 50 meter i terrenget. Eit kart (Lier-kartet), er i målestokk 1: 10 000. Dette betyr at ein centimeter på kartet blir til 100 meter i terrenget.Det eine av desse to karta dekker turområdet nærast Auklandshamn skule, det andre rundt friluftsområdet ved Slettene. Det tredje kartet dekker turområde ved Førde og det fjerde dekker idylliske stiar og vatn ved Lier sør for Førde.
Prøvesmaking for dei vaksne
Barnas o-tur er ei enklare form for turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for vaksne, som vil prøva turorientering for første gong. Dei som bur i Auklandshamn og Førde er nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan besøkja like ved der dei bur.To omgangar
Med litt hjelp frå foreldre og føresette kan dei yngste i løpet av sesongen finna 20 postar. 10 postar, som er merka med ein ring på kartet og nummerert frå 1 til og med 10, står ute i vårhalvåret frå 16. mars til 20. juni. Dei neste 10 postane merka med ein trekant på kartet, kan besøkjast frå 22. juli til 17. november.
Deltakarkort
På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du på kvar post to bokstavar, som du skriv ned på deltakarkortet. NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.
Send inn
Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. desember til Astrid Nesse, Nedre Fjellstad 35, 5550 Sveio (postkort@sveiool.org), kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur” blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering .
Ekstra premie
Alle som sender inn deltakarkort, blir med i trekninga om ein flott premie ved sesongslutt.
Berre eit namn kan skrivast på kvart deltakarkort. Ekstra deltakarkort kan kjøpast for kr. 10.
Bli medlem i Sveio O-lag !
Dersom du betalar kr. 25 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt tur-o-konvolutt er kr. 100, kr. 50 for ein vaksen og kr. 25 for eitt barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr. 3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du betalar for.
God tur.
Med helsing Sveio Orienteringslag
Auklandshamn Handel Tlf. 53741845 |
Tlf. nr. 952 46 800