Konkurranseorientering ::

   I strid med alle spådommar klarte den vesle gruppa av konkurranseløparar i Sveio O-lag å rykke opp i 1. divisjon i lagkonkurransen for Haugalandet og Sunnhordland. Målet for årets sesong var å halda plassen i den øverste divisjonen. Det greidde Sveio O-lag, med klar margin.

     I pokalkampen, som lagkonkurransen blir kalla, er det lagt inn ein særskilt  lagkonkurranse for nybegynnarar. Her hevda Sveio Olag seg heilt i teten. Dei største klubbane i distriktet, Haugesund IL og Stord Turn og IL, fekk til sist sjå ryggen på dei unge sveio-løparane. Dei yngste i Sveio O-lag klatra samanlagt opp på tredjeplassen mellom i alt 10 konkurrerande klubbar. Berre Odda og Torvastad var betre i nybegynnarkampen.

     I alt 10 konkurranseløparar frå S.O.L har vore med i årets lagkonkurranse. Johannes S. Førde har delteke i flest konkurransar i 2001-sesongen.  29 gonger har Johannes stilt til start i eit orienteringsløp i år.

     Han har hevda seg særs godt. Samanlagt etter 11 rankingløp i Rogaland O-krets kom Johannes på tredje plass av i alt 19 deltakarar i klassen gutar på 15 og 16 år. I krinsmeisterskapen for Rogaland O-krets tok Johannes  sølvmedalje i si klasse. Same medaljevalør blei det i sonemeisterkskapen for Haugalandet.

      I sommar reiste Johannes  til Norgesmeisterskapen for gutar og jenter. Meisterskapen blei halden i Løten nær Hamar. Her kom Sveios fremste o-løpar denne sesongen mellom den beste tredjedelen i si klasse og blei dermed premiert. Johannes fekk 23. plass blant 75 deltakarar i 15-årsklassa.

      Kristian S. Førde har  vunne fleire gonger i si nybegynnarklasse denne sesongen. Saman med Ingve Fosse, delte Kristian dessutan førsteplassen samanlagt i nærløpskarusellen for Haugalandet.

      Sunniva S Førde og Bjørnar S. Førde enda på 2. og 3. plass samanlagt i nærløpskarusellen  for nybegynnarar. Karoline Grutle kom også på tredjeplass i nærløpskarusellen, som samlar deltakarar frå heile Haugalandet..

       Dermed skulle utgangspunktet vera det aller beste for ein ny sesong i o-løypa. Gjennom godt treningsgrunnlag i vinter og  instruksjon og opplæring av fleire unge rekruttar til våren, vil Sveio O-lag kunne hevda seg enda betre i lagkonkurransen i 2002. Utgangspunktet for å driva o-idrett i Sveio er det aller beste. Me har uendeleg mykje veleigna natur og fleire godt brukbare o-kart.

 

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008