Finn Fram dag med orientering og speiding

Av Kristian   10.09.19
Kø for å lese av brikker ved speed-orienteringMange som ville prøve speed-orientering på Finn Fram dagen 2019

Mange fann fram til årets Finn Fram dag i det idylliske friområdet og parkområdet Strando ved Prestabryggjo og Rex Garden i Førde. Åtte postar hadde Sveio O-lag plassert ut i ei rundløype som gjekk langs stranda, i parken og i Rex Garden, kor ymse aktivitetar kunne prøvast. Speidarane kunne tilby kano- og kajakkpadling og livlinekasting, medan o-laget arrangere luftgeverskyting, kviss og speedorientering. Alle deltakarane fekk utdelt kart med ei rundløype innteikna. I tillegg til dei ymse aktivtetane hadde postane o-tekniske spørsmål som deltakarane måtte svara på. Ved målpassering fekk alle som fuillførte årets Finn Fram-premie. Nær 150 deltakarar fullførte rundløypa.
På arenaen kunne arrangørane tilby sal av grillpølser, pinnebrød, kaker, saft og kaffi. Trass i eit skiftande ver med heftige regnbyger under arrangementet var det innslag av sol og opphaldsver som sette sitt preg på humør og aktivitetsnivå.
Hovudarrangør var Sveio O-lag som hadde med Førde-speidarane og Bua-speidarane som medarrangørar.


Nye postar og poeng i turorientering

Av Kristian   25.08.18
Søndag kan du sanka 9 nye poeng i Rex Garden til tur-o-sida di på nettet (turorientering.no/sveio)
I tillegg til Kaffiposten, post nr. 52, kan du besøkja 8 postar i rundløypa på Finn Fram dagen. På kvar post blir det hengt ut to kodebokstavar som du kan bruka til å kvittera på nettsida for dine postbesøk.
Dermed kan du sikra deg i alt 9 nye poeng denne søndagen. Kart med innteikna postar finn du turorientering.no/sveio. Kartet blir og delt ut søndag.
Annonse FinnFram-dagen, Aktivitetsdag søndag 26. august kl 12-15. Start Strando i Førde



Finn-Fram dagen i Rex Garden

Av Kristian   31.08.17

Søndag 3. september, kl. 12-15
Start frå Prestabryggjo/Strando i Førde.
Aktivitetsdag i friluft for heile familien!
Enkel turløype. Speed-orientering.
Instruksjon i bruk av kart og kompass.
Luftgeværskyting, kajakkpadling, volleyball og tippekonkurranse. Premiar til alle som deltar. Sal av pinnebrød, kaker, kaffi og saft.
Medarrangørar:
Sveio Turlag, Førde-speidarane og Bua-speidarane.
Hovudarrangør: Sveio O-lag


Finn Fram dag i idylliske Rex Garden

Av Kristian   30.08.16

Sveio O-lag hadde laga ei rundløype med o-tekniske oppgaver for store og små på åtte ulike postar i Rex Garden og Strando.
Både start og mål på rundløypa var satt til sjøkanten på Strando.
Langs rundløypa fekk besøkande prøve mange ulike aktivitetar.
Bl.a. skytetevling med luftgever som var delt inn i fire premieklassar. Vinnarane blei Maria Runde i kvinneklassa, Emilie Huseby i jenteklassa, Karl Erik Ravn Ottesen i herreklassa og Lars Hovland i guteklassa.
Eit anna populært og tradisjonsrikt innslag er speedorientering der både unge og eldre er ivrige på å persa tida si rundt miniløypa.
Sola skein og på posten til Sveio Turlag som kunne tilby quiz med ti varierte spørsmål. Fire deltakarar klarte åtte rette: Kristian S. Førde, Bjørnar S. Førde, Sveinung Askeland og Vigleik Aronsen.
Nede ved sjøkanten instruerte Førde-speidarane i padling og Bua-speidarane tilbydde nysteikte pinnebrød.
Ørevik 4H arrangerte spel på plenen og sal av fruktsalat. Under same tak grilla Sveio O-lag pølser.
Valestrand søndagsskule arrangerte tevling i vassbering og såleis kåring av søndagens sterkaste pappa, som blei Oddgeir Talle og søndagens sterkaste mamma som blei Ingeborg Stokkenes.




Finn fram dag i Rex Garden

Av Kristian   20.08.16
Søndag 28. august, kl. 12—15
Start frå Prestabryggjo/Strando i Førde.
Aktivitetsdag i friluft for heile familien.
Enkel turløype. Speed-orientering. Instruksjon i bruk av kart og kompass. Luftgeværskyting, kajakkpadling, hesteskokasting, volleyball og tippekonkurranse. Kåring av søndagens sterkaste mamma og pappa.
Premiar til alle som deltar.
Sal av villmarkspølser, pinnebrød, kaker,
kaffi og saft.
Medarrangørar: Sveio Turlag, 4H,
Førde-speidarane, Bua-speidarane og
Valestrand søndagsskule
Hovudarrangør: Sveio O-lag



Suksess med kultur i friluft av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 03.09.15
Finn Fram Dagen 2015 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 27.08.15
Det skjer i Førde på søndag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.08.15
Mange fann fram til Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 31.08.14
Finn Fram i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 26.08.14
Finn Fram dag ved Ryvarden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 11.06.13
Unge og eldre fann fram på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.06.11
Finn Fram dagen 2011 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 15.06.11
Sterk i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 30.05.10
Familiedag i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.05.10
Mange fann fram av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 17.06.09
Finn Fram dag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 12.06.09
Dugnad og gjester i paradis av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 07.06.08
Sommarleikar i det fri av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.05.08
O-løype med smell i av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 17.07.07
Skyting og orientering i same løype av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 29.05.07
Finn Fram dag i sommarsol av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.06.06
Finn Fram Dagen 2006 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 07.06.06
Finn Fram -testen 2005 og Kaffipost Høst 2005 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 04.09.05
250 deltok i Finn Fram dagen i Auklandshamn av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 15.06.05
Sommarleikar på Finn Fram dagen 29. mai av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 16.05.05
Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008