Velkommen til Barnas o-tur 2011 og Nærtrimmen for dei vaksne
Fem ulike kart
I år kan me tilby kart over spennande turområdet mellom Valestrand skule på Einstabøvoll og Valevåg.Eit anna kart dekker turområdet nærast Auklandshamn skule. Det tredje kartet dekker det idylliske friluftsområdet i Slettene ved Auklandshamn. Eit fjerde kart dekker varierte turområde ved Fjellstad mot Kattabergsfjell og Furevatnet og på nordsida av Paddevegen i retning Åse. Det fjerde kartet dekker turområde ved Førde
Prøvesmaking for dei vaksne
Barnas o-tur er ei enklare form for turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for vaksne, som vil prøva turorientering. Dei som bur i Auklandshamn, Valevåg/Tittelsnes, Førde og Sveio er nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan besøkja like ved der dei bur.Deltakarkort
På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du på kvar post nummeret til posten og to bokstavar, som du skriv ned på deltakarkortet. NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.
Send inn
Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. desember til Astrid Nesse, Nedre Fjellstad 35, 5550 Sveio (asnesse@gmail.com), kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur”/Nær-trim, blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering.
Tur-o på internett
Du kan registrera deg som deltakar i turorientering på internett. Gå inn på heimesida til Sveio O-lag (www.sveiool.org) og finn der rette staden og starta registreringa. Sjå også eige info-ark i denne konvolutten.
Ekstra premie
Alle som sender inn deltakarkort, eller registrerer seg på internett blir med i trekninga av ein flott premie ved sesongslutt.
Bli medlem i Sveio O-lag !
Dersom du betalar kr. 50 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt tur-o-konvolutt er kr. 200, kr. 100 for ein vaksen og kr. 50 for eitt barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr. 3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du betalar for.
God tur.
Med helsing Sveio Orienteringslag