Velkommen til Barnas o-tur 2014
og Nærtrimmen for dei
vaksne
Fire ulike kart ligg i plastlomma for årets sesong. Tre av karta
(Førde, Auklandshamn og Tittelsnes (Festningen) er i
målestokk 1:5000. Det betyr at ein centimeter målt
på kartet utgjer 50 meter i terrenget. Det tredje kartet
(Sveio Vest ved Fjellstad og Paddevegen) er i målestokk 1:7 500.
Det tyder at ein centimeter på kartet utgjer 75 meter i
terrenget.
Fire ulike turar
På
kvart kart er teikna inn fem postar. Det vil i praksis tyda at det er
lagt opp til minst fire turar i terrenget. På Sveio Vest kartet
høver det å parkera bilen langs Paddevegen ved
Fjellstad. I Førde er det høveleg å parkera ved
industriområdet på Hanaleite, i Auklandshamn ved
friområdet Slettene og på Tittelsnes inne på
sjølve Festningsplassen.
Prøvesmaking for
dei vaksne
Barnas o-tur er ei enklare form for
turorientering. Men har samtidig passande utfordringar også for
vaksne, som vil prøva turorientering. Dei som bur i
Auklandshamn, Valevåg/Tittelsnes, Førde og Sveio er
nå så heldige at dei har enkle tur-postar, som dei kan
besøkja like ved der dei bur.
Deltakarkort
På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post.
Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i
skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I
tillegg til ei teikning, finn du på kvart postflag eller plate,
nummeret til posten og to bokstavar, som du skriv ned på
deltakarkortet. NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått.
Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.
Send inn
Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 1. november til Karl Inge Instefjord, Øvre Fjellstad 20, 5550 Sveio, kan få merke. Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse. I ”Barnas o-tur”/Nær-trim, blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering.
Tur-o på internett
Du kan registrera deg som deltakar i turorientering på internett. Gå inn på heimesida til Sveio O-lag (www.sveiool.org) og finn der rette staden og starta registreringa. Sjå også eige info-ark i denne konvolutten.
Ekstra premie
Alle som sender inn deltakarkort, eller registrerer seg på internett blir med i trekninga av ein flott premie ved sesongslutt.
Bli medlem i Sveio O-lag !
Dersom du betalar kr. 50 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå
vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire
medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre
råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt
turterreng i Sveio. Medlemskap for ein familie, som har kjøpt
tur-o-konvolutt er kr. 200, kr. 100 for ein vaksen og kr. 50 for eitt
barn. Medlemskontingenten kan betalast til Sveio O-lags bankkontonr.
3506.22.52055. Hugs og skriv namn på medlemmene du
betalar for.
God tur.
Med helsing Sveio
Orienteringslag
P.S. Finn Fram dag for heile familien søndag 31. august på Strando/Prestabryggjo i Førde.