Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar. I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet når du deltar i turorientering.
Turorientering lar seg godt kombinera med til dømes bær- og soppturar, trimtur eller berre for å koma seg ut i skog og mark, nyta naturen, gjerne på stader der ein aldri har vore før.
Mange har oppdaga at turorientering er god medisin mot dårleg rygg og andre plager i musklar og skjelett. Det finst fleire døme på at turorientering har gjort pasientar friskare.
Flunkande nytt kart . Kartet Auklandshamn er heilt nytt og dekker eit terreng som aldri har vore nytta til turorientering tidlegare. Her finst mange flotte turstiar, idylliske vatn, lune vikar ved sjøen, gamalt spennande gammalt kulturlandskap og flott turterreng sørover mot Emberlandsnipen.
Sveio Vest dekker eit kjekt turområde på begge sider av Paddevegen frå Fjellstad til Mølstre, frå Vandaskog til Skiftestad i nord og til Nordskog og Åse i aust.
Kva er turorientering? 2005 er den 14. sesongen med turorientering etter dagens oppskrift i Sveio O-lags regi. Halvparten av dei raude og kvite postmerka er plasserte på Sveio-kartet. Resten av postane er lagt ut på det nye Auklandshamn-kartet.
Turorientering er ikkje vanskeleg og krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plater/flagg. På desse platene står skrive to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.
Når kan du starta? Startskotet går søndag 20. mars. Dei postane, som på kartet er avmerka med ein sirkel, vil stå ute heile våren fram til 26. juni. Då blir vårpostane samla inn. 14 dagar seinare blir haustpostane plasserte ut. Haustpostane er avmerka på kartet som trekantar. Desse postane står ute i tidsrommet 10. juli til 9. oktober.
Postkasse og premie Både vår og haust er det sett ut ein postkasse ved eit av postmerka. Her er det høve til å skriva namnet sitt i ei bok og vera med på trekninga om ein premie.
Nytt av året! Prøv GPS i turorientering. På eit vedlegg i deltakarkonvolutten er oppgitt GPS-posisjonane til dei to kaffipostane og nokre andre postar.
Prøv om du kan finna tur-postane ved hjelp av desse posisjonane. Me utfordrar deg også til å finna GPS-posisjonae til nokre fleire tur-postar. Skriv posisjoane inn ved sida av kodane til kvar post på det vedlagte GPS-arket. Premie kan bli trekt ut til dei med korrekte GPS-posisjonar.
Post nr. 52 på Sveio-kartet (merka med firkant) og post nr. 51 på Auklandshamn-kartet, er båe særskilte kaffipostar. Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00. På Auklandshamn-kartet held kaffiposten ope søndag 29. mai. På Sveio-kartet blir det tilsvarande arrangement søndag 4. september. Alle som stikk innom dei to kaffipostane blir med i trekninga av ein populær, nyttig og sportsleg premie.
Materiell: Deltakarkonvolutten inneheld 2. stk kart og1 stk kontrollkort saman med diverse informasjonsmateriell.. Konvolutten kan kjøpast for kroner 150 i Sparebanken Vest i Sveio, hos Haukås bensinstasjon, i Førde Dagligvare og hos Auklandshamn handel. Treng familien fleire deltakarkort, må dei kjøpast i tillegg for kroner 30 pr. stk.
Innlevering : Alle som vil ha merke eller plakett etter endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda inn til Solfrid Josefsen, 5554 Valevåg, innan 23. oktober . Alle som leverer inn kontrollkort kan få tildelt deltakardiplom dersom ein ønskjer det. Dette gjeld sjølv om du ikkje er kvalifisert til å oppnå merke. Alle, som sender inn deltakarkortet, er dessutan med i trekkninga om ein fin premie.
Krav til merke og plakett: For å oppnå gullmerke må du i løpet av sesongen ha besøkt 50 postar. Har du vore innom 35 postar , er du kvalifisert til sølvmerket, medan bronsemerket krev 20 postar .
Etter femte sesongen med oppnådde krav til gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke. Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år med gullsesongar.
Merke og plakett er inkludert i prisen når du kjøper deltakarkonvolutt/kontrollkort.
Jakttid: Jakta etter hjort 10. september og varer heilt fram til 25 november utan pause.
Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta, varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23. desember.
Kle dykk fargerikt i jakttida.
Avslutningsfest: Sveio O-lag har dei siste åra skipa til avslutningsfest i november i Førde samfunnshus. Meir enn 60 turorienterarar var med på dette i fjor. Avslutningsfesten skjer i år 18. november. Her skal heider og merke delast ut. Her blir underhaldning og loddtrekning med flotte gevinstar.
NB. NB.NB.NB.NB.
Gå ikkje over innmark. Parker ikkje i tunet til folk eller langs privat veg