SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2014
Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar og bør bli ein viktig del av den nye samhandlingsreforma i helsevesenet. I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging, får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.
Kva er turorientering? Turorientering krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plastflagg. På desse flagga står skrive posten sitt nummer og to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.
Turorientering er lagt opp som høvelege rundturar
av varierande lengde og vanskegrad.
Lengst nord kan du parkera
ved Festninga på Tittelsnes og ta ein rundtur med fem postar i
skogsterrenget nord for Festninga. Dessutan er sjølve Festninga frå
okkupasjonstida på mange vis gravd fram att bak buskar og kratt og står
nå fram nærast som ei gjenoppdaga arkeologisk perle. Vel verdt eit
besøk!
Litt lenger sør kan du parkera ved grendahuset Kleivo eller ved
Valestarnd skule og starta turen ved å følgja stien frå Kleivo oppover
skråningane. Her får du ein flott rundtur forbi mange utsynspunkt.
Ved
Førde og sørover til Joavatn og Liervatn er i år 12 postar, som kan
nåast med start frå Ålfjordvegen og Liervegen, rundt Joavatn og rundt
Børshovda. I Førde nær bustadfeltet i Solheimshaugen og ved
samfunnshuset er i år lagt ut tre ulike postar. Ved den eine av desse
tre postane kan du bli overraska av kunstnarisk utfalding i
skogsmiljøet.
I marka ved Slettafjell, mellom Auklandshamn og Tjernagel
ligg 10 postar. Merka stiar på kart og i terrenget er flotte
utgangspunkt for rundturar mellom desse 10 postane. Den tredje klynga med
turpostar i dette området er ved Slettafjellet og kan nåast ved å
starta på stien som er merka på kartet frå nord.
Nytt tilbod i år er 16
postar langs turstien mellom Lyngholm og Ryvarden. Her vil du få flotte
opplevingar i ope kystlandskap med sjarmerande innslag enten det bles
kuling og regnar vassrett eller er strålande solskinn og lett bris.
Nokre få parkeringsplassar finst ved Lyngholm. Men dette området kan og
nåast om ein parkerar i Mølstrevåg, går turvegen ut til Ryvarden og
bøyer derifrå nordover på stien i retning Lyngholm.
Kåre
Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund
Telefon:
52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64
www.ekrene.no
post@ekrene.no
Startskotet går søndag 30. mars. Alle dei 52 postane er merka med sirkel på kartet. Alle dei 50 postane med nummer frå og med 1 til og med 50 vil stå ute og klar til å ta imot besøk utan pause heilt fram til 26. oktober.
Postkasse og premie: To postkassar er sett ut på
to av dei 50 postane. Her er det høve til å skriva namnet
sitt i ei bok og vera med på trekninga av premiar.
Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipostane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med vanlege sirklar.
Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00.
Prøv Foto-O, tilbod i konvolutten som gjeld både i Sveio sentrum og i Førde.
Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter
endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda
inn til Karl Inge Instefjord, Øvre Fjellstad 20,
5550 Sveio, innan 1. november.
NB!
Via internett: Me håpar at enda fleire vil nytta
dette tilbodet i år. Her kan du også føra inn dine
postkodar etterkvart som du har besøkt postane. Sjå meir
info på Sveio O-lag si heimeisde: www.sveiool.org.
Krav til merke og plakett: På
deltakarkortet finn du krava som må fyllast for å
oppnå merke.
Etter femte sesongen med oppnådd
gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke.
Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år
med gullsesongar. Ein kan og oppnå plakettar etter 20 og 25
år med gullmerke.
NB!Merke og plakett er
inkludert i prisen når du kjøper
deltakarkonvolutt/kontrollkort.
Jakttid: Jakta etter hjort startar 10. september
og varer heilt fram til 25. november utan pause.
Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta,
varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter
rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23.
desember.
Kle dykk fargerikt i jakttida.
NB! Gå ikkje over innmark. Parker
ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!
Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org