NYTT!: FOTO-ORIENTERING i Sveio og i Førde
Som ein prøve laga me i fjor Foto-orientering i Førde sentrum. Dette tilbodet blei straks særs populært og er i år utvida med eit liknande tilbod i Sveio sentrum. Me har tatt 9 ulike foto frå ulike stader og detaljer rundt i Førde sentrum og like mange i Sveio sentrum. Bilda er nummererte frå 1 til 9 på framsida av arket, som ligg i konvolutten. På baksida av arket finn du kart over Førde eller Sveio sentrum med innteikna 9 postar, som har fått kvar sin bokstav frå dei ti første bokstavane i alfabetet. Ved å besøkja postane skal du finna ut kor dei ulike bildene er tatt og kobla rett tall til rett bokstav.
Kulturminnepostar
Fleire stader ute i terrenget vil finna postar som er ustyrte med info om tidlegare tiders hendingar, bruk og innretningar. Dette gjeld postar som er plasserte i nærleiken av stader som det knyter seg kulturhistorisk interesse rundt. På desse postane vil du finna eit oppslag med historisk informasjon som kan bidra til å auka verdien av turen.
Kvar går turen?
Tittelsnes-kartet: Parker på plassen ved HV-anlegget og følg stien ut derifrå
Einstabøvoll: Kleivo grendahus er eit greitt utgangspunkt for turar på begge sider av vegen.
Førde-kartet: Hanaleite idustriområde er eit greitt utgangspunkt for turen til Drangsvågen og Islandsfjellet. Frå same utgangspunkt kan du ta heile rundturen rundt Lierfjell. Denne turen kan også deltast i tre ved å ta post 36 til og med 41 med utgangspunkt Hanaleite. (For å finne stien frå post 38 til 39 kan det vera lurt å gå ned til uthuset ved hytta og finna sterten av stien derifrå. Postane 42 til 44 kan besøkast med utgangspunkt Lier og postane 45 til 47 med Intro-huset i Førde som p-plass.
Auklandshamn-kartet: Skulen er fint utgangspunkt for postane som ligg sørover langs stien i retning Emberlandsnipen. For å besøkja postane i Slettene og rundt Storavatnet er parkeringsplassen ved Slettene eller Kysttunet/samfunnshuset høvelege utgangspunkt. Eigen tur går nær stiane ved Slettafjell.
Sveio Vest: Her kan det parkerast i vegkanten langs Paddevegen nær Fjellstad
Kontrollkort på internett
Sveio O-lag har gjennom dei to siste sesongane kunne tilby kontrollkort på internett. Tilbodet er blitt populært. I år håpar me at enda fleire registrerer seg og legg inn alle besøka på Tur-o-postane på nettet. Det tradisjonelle kontrollkortet i papir kan i så fall nyttast som ein kladd eller noterinsgark. Når du kjem heim etter turen kan du gå inn på nettet, registrera deg som brukar og leggja inn kva postar du har besøkt. Sjå meir info med adresse for pålogging på Sveio O-lag si heimeside: www.sveiool.org
Finn Fram dag for heile familien i Slettene Auklandshamn søndag 17. juni med aktivitetsløype, premiar og sal av mat og drikke. Friluftsområdet i Slettene er i det siste blitt særs godt tilrettelagt med nye bruer, gangstiar og god opprydding langs stranda og langs stiar fram til området. Idyllar ved sjøen innbyr til grilling og bading. Fleire organisasjonar har meldt seg på for å delta i friluftsmønstringa denne dagen, kor det også blir instruksjon i bruken av kart og kompass.
|
|