Fant fram i regnet

Av Kristian den 17.06.12
Finn fram dagen 2012
Turorientering eignar seg for alle aldersgrupper: Synnøve og Kolbein Espeset med barnebarnet Aksel på postjakt i Slettene.
Friluftsormrådet i Slettene ved Auklandshamn viste seg som ein idyllisk stad jamvel i regnveret på søndag.

Regnver tidleg på dagen fekk nok mange til å snu i ytterdøra heime. Men dei som vann over denne barriera fekk ein flott deg på jakt etter aktivitetspostar i Sveio O-lag si rundløype langs holmar, hengebruer, strandsteinar, tang og tare i Slettene.

Sveio Orienterinsglag kunne sjølve tilby tidtaking med databrikker i ei superrask sprintløype mellom skog og svaberg. Sveio Jakt, Fiske- og naturvernforening plasserte seg på ei halvøy med høgeberg og god djupne i sjølen nedanfor. Her vaka det fisk og nokre blei fanga.

Sveio Kystlag klappa til kai litt lenger inne i Lambeidvågen der dei kunne tilby tørrsild av ypparste merke. På brygga stod Ørevik 4H og grilla villmarkspølser for dei som ikkje ennå har fått smaken på silda. Valestrand søndagsskule kåra søndagens sterkaste mamma og pappa. Senioren i herreklassa, Ole Daniel Eidsvåg var det ingen av dei yngre som klarte å slå. Søndagens sterkaste mamma blei Kristine Brattelid Almås.

Sveio Turlag heldt tippekonkurranse og utstilling medan Sveio Skyttarlag arangerte ein alltid like populær skytekonkurranse. Sveio O-lag knytte heile arrangementet saman med kart over aktivitetsløypa pluss kaffi- og kakeservering på vårens kaffipost, som inngår som ein del av poengjakta i årets turorientering.

Etter loddtrekking blant alle deltakaran vann Gunnbjørg Stueland ein av Sveio O-lags hovudpremiar for dagen. Martin Enerstvedt blei trekt ut som vinnar av prologen, o-løypa frå butikken i Auklandshamn og fram til Slettene.

Mellom deltakarane i rundløypa i Slettene blei desse trekte ut som premievinnarar: Endre Hetlesæter, Synnøve Espeset og Alise Enerstvedt. I Sveio O-lags sprintløype blei desse trekte ut som premievinnarar: Roald Johannessen og Endre Hetlesæter.

Svein Krunenes blei best i Sveio Turlag sin kviss med ni av 10 rette. John Kr. Økland blei best i Sveio Skyttarlag si tevling med luftgever. I dameklassa vann Alise Enerstvedt medan Martin Enerstvedt og Vetle Hjortland var jamngode i guteklassa.

Sjå fleire bilete frå Finn Fram dagen 2012 her

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008