Verkeleg sommar over oløp i Sverige
Av Kristian den 02.08.12
Heile laget med støtteapparat under O-ringen 2012
Me måtte til Sverige i år for å oppleva ekta sommar. Åtte o-løparar pluss eit medlem i støtteapparatet drog til sandstrendene langs kysten av sørvestre Sverige. Med utgangspunkt i den flotte og gjestmilde byen Halmstad kunne representantane frå Sveio O-lag delta i fem ulike oløp spreidd over seks dagar. Det første løpet vart arrangert søndag 22.Juli. Det fem dagars oløpet, som er verdas største i sitt slag, blei avslutta i sol og 26 graders varme fredag 27. Juli. Over 21000 oløparar frå 42 ulike land deltok i år, der den eine etappen gjekk dels i sanddyner langs Kattegat.
Dei yngste oløparane frå SOL hevda seg best med samanlagt plasseringar over midten av resultatlista. Det gjeld Jørgen Fiskå i ungdomsklassa U2, Lovise Fiskå i jenteklassa D16K, Sunniva S. Førde i D21M og Bjørnar S.Førde i H16K. I det eine løpet enda Bjørnar heilt oppe på fjerdeplass.
Kjetil Fiskå hevda seg bra i H40K 1 og Kristian S Førde i H21M. Elles deltok Astrid Sandvik i D55M og Thomas Førde i H55M.
Resultata kan lesast på O-ringen sine nettsider:O-ringen sine resultatsider
Sjå også Oringens video av deltakarstraumen på veg til start.
Sjå fleire bilete av Sveio O-lag på Oringen her