VM i orientering for alle
Av Kristian den 19.08.13
Thomas Førde i Sveio O-lag kan lørdag helsa nær 300 o-løparar velkomne til VM i Ryvarden-marka.
Til helga gjer Sveio Orienteringslag sitt største løft nokon sinne. I to heile dagar til ende skal o-laget arrangera Vestlandsmeisterskap i orientering frå Vandaskog.
- Dette store stemnet er ikkje berre eit tilbod for dei proffe eller litt øvde i orienteringsløypa. Eit slikt VM er eit tilbod for alle som vil ut i skog og mark, lovar leiar i Sveio O-lag, Thomas Førde. Han peikar på at for første gong i eit slikt stort stemne tilbyr arrangøren ei tur/mosjonsløype som vil høva glimrande for folk som har prøvd seg litt på turorientering tidlegare
- Det er lova fint ver til helga. Då finn du knapt eit flottare turterreng enn i Ryvarden-marka, seier Førde. Han viser til at det opne slake terrenget med vide sletter og nakne knausar gir eit fantastisk utsyn over sjø og land og langt til havs.
Dessutan tilbyr Sveio O-lag i dette stemnet ei kort nybegynnar løype i flott turterreng, som er høveleg for alle som aldri har prøvd seg med kart og kompass tidlegare.
Premiar til alle
Stor dugnadsinnsats er lagt ned av Sveio O-lag sine medlemmer i førebuinga til årets VM i orientering. Her er Øystein Opedal, Ole Daniel Eidsvåg og Hjalmar Lkna i gong med brubygging for o-løparane.
- Alle som gjennomfører turløypa eller nybegynnarløypa er garantert premie. Dessuten er det svært enkelt å melda seg på. Det skjer på samlingsplassen ved Vandaskog frå klokka 14.00 førstkomande lørdag, seier Førde. Han lovar dessutan flott stemning , mykje folk, idyllisk natur og frodig utval i kiosk og kafe. -Dette skal bli ei flott friluftshelg for heile familien, lovar Førde.
Vesle Sveio O-lag er i år blitt tildelt dette store arrangementet ettersom laget i sommar fekk ferdig sitt hittil nyaste o-kart, Ryvardenmaka. 300 000 kroner og hundrevis av dugnadstimar har o-laget investert for å kunne realisera dette moderne idrettsanlegget til o-sporten. - Dette er eit særs veleigna o-terreng som aldri før er blitt til konkurranseorientering, seier leiaren i Sveio O-lag.
300 tilreisande
Ryvarden-marka er i helga særs innbydande med flott tur-løype teikna inn på flunkande nytt o-kart.
Til Vandaskog kjem denne helga ivrige o-løparar, nær 300 i talet, frå dei tre Vestlandsfylka Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland.
I løpet av lørdag og søndag skal det delast ut mange titals medaljar i gull sølv og bronse.
-Forventingane er store hos dei tilreisande, som har høyrt mykje fint og spennande om det særprega opne o-terrenget me i år kan tilby VM-deltakarane, seier Thomas Førde i arrangørklubben.
Innbyding til Vestlandsmeisterskapet i orientering 2013