Bedrifts-o-løp i raske løyper og ope landskap
Av Kristian den 11.06.14
Torsdag 12. juni blir både nye og erfarne o-løparar invitert til å kunne prøva seg i to ulike løyper i det spennande opne terrenget nord for Ryvarden fyr.
Den lengste løypa måler 3,2 kilometer og den korte løypa to kilometer.
Arrangøren reknar med raske vinnartider i ope landskap. Parkering skjer ved tidlegare Vandaskog skule. Samlingsplass, start og mål ligg berre tre minuttar frå parkeringsplass.
Første start går kl. 17.00.
Vel møtt!