Vindmølleplanar avblåst i Ryvarden-marka

Av Kristian den 14.06.14
Ryvardenmarka

O-idretten kan gle seg over bruken av Ryvarden-marka dei næraste åra. Selskapet som hadde planar om å byggja 15 gigantiske 150 meter høge vindmøller i dette området, har nå avblåst sine planar.
Tidlegare i denne veka tilrådde Noregs Vassdrag og elektrisitetsverk, (NVE) at utbyggjar burde skrinleggja sine planar.
NVE si grunngjeving var m.a. konflikt med friluftsinteresser og at Sveio kommune ikkje ivra for prosjektet.
Dermed kan Sveio O-lag og alle som nyttar våre tilbod gle seg over framleis å kunna ferdast i dette særprega området, veleigna for tur og orientering. Sveio O-lag sitt nye og kostbare o-kart over området kan visa seg å bli ei god og langsiktig investering i betre folkehelse og gode opplevingar.

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008