Kaffipost med vellukka marknadsføring
Av Kristian den 29.05.16
Vårens kaffipost var lagt tett ved turvegen til Ryvarden fyr søndag 29. mai.
Mange turgåarar fekk tilbod om å prøva turorientering ved at dei fekk tildelt eit kart med innteikna fem postar som ligg langs grusvegen til Ryvarden fyr. Dei fleste takka ja til dette prøvetilbodet. Preimar vanka det til dei som kunne visa til postkodar frå dei fem turpostane då dei kom tilbake til kaffiposten.
Mellom tur-o-folket som besøkte kaffiposten denne vakre søndagen vart Raymond Våge Lie den heldig vinnaren av premisen som blei loddtrekt mellom alle deltakarane.