100 gullvinnarar i skog og mark

Av Kristian den 05.12.16
Plakettvinnarar 2016
Gullmerkevinnarar blant barn og unge i Sveio O-lags turorientering 2016: Fra venstre: Eskil Spilde, Joakim Selsås Sveen, Endre Hetlesæter, Malin Selsås Sveen og Trym Spilde

Om lag 100 av årets deltakarar i Sveio O-lags turorientering gjekk til gull.

Under årsfesten på Førde Samfunnshus kunne nær 100 turorienterarar ta imot det gylne merket. I tillegg hadde fleire titals andre av deltakarane kvalifisert seg for sølv- eller bronsemerket.
Men dei aller gjevaste utmerkingane gjekk i år til fire av deltakarne som alle hadde oppnådd gullmerket i 20 sesongar på rad. Dei fortente plakettvinnarane er: Lilly Krunenes, Svein Krunenes, Eva Lokna og Egil Lokna. Desse fire har gjennom åra vore innom minimum 1000 av Sveio O-lag sine tur-o-postar.
Eit gledeleg trekk ved slutten av årets sesong er at så mange barn og unge har kvalifisert seg til merke av edelt metall.
I 2016-sesongen kunne Sveio Orienteringslag tilby 90 ulike postar som var plasserte ute i variert terreng frå foten av Trodlavassnipen til havbrenningane ved Ryvarden fyr.
Pakka som tilbyr fire ulike kart med til saman 20 lett tilgjengelege postar i nærmiljøet, er blitt særs populært tilbod både blant born og vaksne som vil prøva ut tur-o-tilbodet.
Merkevinnere 2016

Plakettvinnarar 2016
Plakettvinnarar. Fra venstre: Edith Bergmål og Anders Bergmål som begge har tatt gullmerke 15 år på rad. Lilly Krunenes, Svein Krunenes, Egil Lokna og Eva Lokna som alle har tatt gullmerke 20 år på rad.


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008