Stort o-løp i havgapet i Sveio
Av Kristian den 21.08.17
Idyllisk kystlyngheilandskap blir arena for o-løparane i havkanten på Lyngholm i Sveio lørdag.
Langt over 100 orienteringsløparar vil lørdag 26. August besøkja den vesle, idylliske grenda Lyngholm i Sveio. Her vil løparane møta eit ope og småkupert kystlandskap som er dekorert med fargerik, lyng, myrull og mange blinkande små vatn og dammar. Eit fasinerande landskap kor o-postane kan vera plasserte veldig nær det opne havet på Sletta.
Sveio Orienteringslag har vald denne arenaen for årets kretsmesterskap i mellomdistanseorientering. Løypene er prega av mange postar der løparane ofte må bu seg på navigasjon i ei ny retning. Men arrangøren har samtidig laga eit breidt tilbod av løyper med ulik lengd og vanskegrad.
Dei kortaste og enklaste løypene høver for dei som ikkje har erfaring frå o-idretten tidlegare.
Løyper: Løype C | Løype Ny1 | Løype Ny 2
Innbyding
Påmelding via Eventor
PM
Startlister