Kaffipost og hyttetur
Av Kristian den 08.06.21
Foto: Thomas Førde
Vårens kaffipost søndag 6. juni blei arrangert under varmande sommarsol. Posten var lagt til den nye dagsturhytta i Sveio, Nipastovo, som ligg like ved turstien mellom Auklandshamn skule og toppen av Emberlandsnipen. Tur- o-utvalet i Sveio O-lag utstyrte kaffiposten med eit frodig tilbod av kaker, boller, saft og kaffi. Dei vel 50 tur-o-gåarane som stakk innom, kunne nyta baksten på Nipastovo sin flott terasse med utsyn til alle kantar. Mange av deltakarane denne søndagen la turen innom nokre av dei 15 postane, som ligg ute i terrenget langs stien til Nipen.
To premiar blei trekte ut blant deltakarane og vinnarane blei Aud Eriksen og Jan Wiktor Jansen