Rekordmange heidersprisar etter årets tur-o-sesong
Av Kristian den 30.11.21
Då årets tur-o-sesong kunne summerast opp, viste det seg at 14 flittige deltakarar hadde gjort seg fortent til plakett av ymse valørar.
Under Sveio O-lag sin årsfest nyleg i Førde Samfunnshus, kunne i alt 14 plakettvinnarar ta imot sin heiderspris. Tre av dei aller flittigaste veteranane, Eva Lokna, Lilly Krunenes og Svein Krunenes gjekk alle i år til gullmerke i sine 25. sesongar på rad. Det betyr i praksis at dei tre fortenestefulle vinnarane har besøkt minst 50 postar i skog og mark kvart år gjennom 25 sesongar.
To andre blant veteranane, Edith og Anders Bergmål, blei tildelt kvar sin plakett for å ha oppnådd gullmerket i turorientering 20 sesongar på rad. I tillegg kunne fire ihuga post-jegerar motta sølvplakettar for 10 sesongar med vellukka gullmerke-jakt. Fem deltakarar blei tildelt kvar sin bronseplakett for fem sesongar med gullmerke.
Sveio O-lag kunne oppsummera og feira enda ein særs velluka tur-o-sesong, der over 160 deltakarar har registrert seg som aktive, enten via nettportal eller ved å senda inn deltakarkort på papir. 85 av desse besøkte i løpet av sesongen meir enn 50 ulike postar og gjorde seg dermed fortente til å kunne ta imot årets gullmerke.
Nær 200 pakkar med kart og langt over 100 innteikna postar blei selde i løpet av årets sesong. Alle desse tala utgjer rekordar når det gjeld oppslutnad om Sveio O-lag sitt tur-o-tilbod.
Mellom deltakarane i årets tilbod, Nærtrim/Barna Tur-o, var det 30 deltakarar som besøkte alle dei 20 postane som var fordelte på fire ulike kart og nærområde.
Merkevinnarar 2021