Sommarpostar klar for besøk
Av Kristian den 28.07.22
I alt 14 slike lett tilgjengelege stolpar, med raud og kvit topp, er plassert ut; sju i Førde sentrum og sju ved Fjellstad nær Sveio sentrum. På kvar stolpepost finn du posten sitt nummer og bokstavkode saman med èin QR-kode, som du kan lesa av med Turorienterings-appen på mobiltelefonen. Du kan og notera ned bokstavkoden og registrera ditt postbesøk på nettsida eller ved å senda inn alle kodane noterte på kartet. Kartet lastar du ned gratis frå Sveio O-lag si side hos turorientering.no/sveio. Særskilt premiering for alle som registrerer besøk på Sommarpostane. God tur!