Historisk tur-o-sesong

Av Kristian den 17.12.23

Dei første vinnarane av 30-årsplaketten i Sveio O-lags turorientering er Oddbjørn og Frøydis Valen.

For første gong kunne Sveio Orienteringslag under årsfesten i Førde Samfunnshus dela ut plakettar til nokon som har oppnådd gullmerke 30 år på rad. Dei fortenestefulle vinnarane av denne høgthengjande utmerkinga var Frøydis og Oddbjørn Valen.
Prestasjonane deira, som særs uthaldande turorienterar gjennom minst 30 år, inneber mellom anna at dei har besøkt minst 1500 postar i ulike terreng opp gjennom åra. Som arrangørklubb set me stor pris på ha slike aktive utøvarar.
Under årsfesten var det mange som kunne ta imot heidersteikn. Harald Selsås blei heidra med plakett etter å ha gjennomført 25 sesongar med oppnådd gullmerke, medan Torhild Matre og Roald Johannessen var begge 20-årsjubilantar. Wigdis Svendsbø og Olaug Fagerland har oppnådd gullmerke gjennom 15 sesongar.
Blant dei sju tiårs-jubilantane er fire frå same famille, Kari, Karl Emil, Birk og Ronja Thuseth. Dessutan kunne yngste familiemedlem, Tindra Thuseth, motta fem-årsplaketten saman med fire andre ihuga orienterarar.
I tillegg til plakettvinnarane blei meir enn 150 av årets deltakarar pynta denne kvelden med oppnådd merke i gull, sølv eller bronse.
Ei sesongavslutning med så mange vinnarar blei dessutan markert me underhalding av Valestrand Mannskor og med servering av ei gedigen jubileumskake.
Merkevinnarar 2023


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008