Årets tur-o-tilbod har usynlege postar

Av Kristian den 15.03.24

Dei aller fleste postane i årets tur-o-tilbod er merka som vanleg med raude og
kviteflagg saman med kodelappar. Karl Inge Instefjord og Olaug Fagerland gjer klart
for årets sesong.


Påsken kjem tidleg i år, men Sveio o-lag er likevel klar med nær 100 nye postar. 10 av desse postane er usynlege.

På eit av dei sju karta, som denne sesongen ligg i hovudpakka, er det teikna inn 10 postar som er usynlege i terrenget. Dette er eit forsøk som Sveio o-lag er spent på korleis blir mottatt og korleis det vil fungera i praksis.
Dersom du vil jakta på dei 10 usynlege postane, finn du korkje postflagg eller postkodar ute i terrenget. Men dersom du lastar ned tur-o-appen vil du få eit varsel på mobiltelefonen når du er på rett stad i terrenget. Kartet til dei usynlege postane
kjøper du på vanleg måte.
Men alle dei andre postane blir som vanleg godt synlege med raude og kvite postflagg på rett plass i terrenget. Tilbodet i år er svært rikhaldig: Du kan jakta tur-o-postar lengst nord i kommunen frå Festningen på Tittelsnes og heilt fram til
Røysanes, som er det nordlegaste punktet i Sveio kommune. Du finn også postar i det opne kystlandskapet lengst sørvest ved havet sør for Mølstrevåg.
Andre postar ligg i kystfuruskog i Eikelandsneset, i open lynghei nær Ryvarden eller i fjordidyll ved Drangsvågen nær Førde. Ein spennande tur rundt det idylliske Sandvatnet kan du starta frå Paddevegen nær Fjellstad.
Eiga pakke som eignar seg for dei yngste og for dei som vil prøva tur-orientering for første gang, inneheld fire kart fordelt på fire ulike terreng og med i alt 20 postar som du kan jakta på. Nytt i år er at fem slike postar langs litt enklare løyper er lagt ut i
turterrenget nær Vikse skule. Lengst i nord vil du finna fem nærtrim-postar langs turstien frå Kleivo i retning Trollvassnibba.

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008