Velkommen til Vestlandspremieren i orientering

Av Kristian den 03.04.24

Førstkomande lørdag kjem o-løparar frå heile Vestlandet til Auklandshamn for å delta i Sveio O-lag sitt store stemne. Nær 200 o-løparar er påmeldt. I tillegg er det høve for alle som vil prøva o-sporten denne dagen til å melda seg direkte ved samlingsplassen på Auklandshamn skule. Det er snart 11 år sidan eit så stort o-løp blei arrangert i Sveio.
Eldsjelene i Sveio O-lag har laga i alt 8 ulike løyper. Dermed vil alle finna ei løype som passar til kvar einskild sine ambisjonar, kunnskapar og erfaringar. Under arrangementet blir det tilbod også til dei som aldri har prøvd o-løp tidlegare.
Gjennom hausten og vinteren har Sveio O-lag sytt for at det er blitt konstruert eit heilt nytt o-kart i terrenget sør for skulen i Auklandshamn. Nå skal dette nye anlegget for o-sporten takast i bruk for første gong.

Tre klubbar samarbeider
Tre klubbar går saman om å arrangera Vestlandspremieren med tre konkurransar i løpet like mange dagar, 5. 6. og 7. april. I løpet av denne helga blir det mellom 400 og 500 startar i o-løypene i tre ulike kommunar i Sunnhordland. Deltakarane, som hovudsakleg kjem frå Rogaland og Hordaland, gjer Vestlandspremieren til den største mønstringa av o-løparar på mange år i vår region.

1. dag: Premierehelga startar fredagskvelden 5. april med Bømlo IL som arrangør av Skumringssprinten. Nytt sprintkart i nærområdet til Bømlo-halllen blir grunnlaget for tevlinga som startar kl. 19.30. Dette markerer samtidig come back for o-sporten i Bømlo etter mange års fråvær.
https://eventor.orientering.no/Documents/Event/40415/1/Innbydelse

2. dag: Lørdag 6. april inviterer Sveio O-lag til mellomdistanse-orientering i Auklandshamn med høve til å starta frå kl. 14.00. I løpet av vinteren har Sveio O-lag fått synfart det aktuelle løpsterrenget på ny, slik deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand.
https://eventor.orientering.no/Documents/Event/40402/2/Innbydelse

3. dag: Vestlandspremieren blir avslutta søndag 7. april på Stord, der Stord Orientering innbyr til langdistanse-orientering i området nær Fjellgardane bygdehus. Denne løpsdagen blir det høve til å starta frå kl 11.00.
https://eventor.orientering.no/Documents/Event/40368/2/Innbydelse

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008