Premiedryss etter avslutta tur-o-sesong

Av Thomas den 26.11.24

Plakettvinnarar etter årets tur-o-sesong i regi av Sveio O-lag: Frå venstre: Magnus Notland, Nils Ove Notland, Alice Enerstvedt og Jana-Elena Koser. I fremste rekke står Hanna Lanea (6), ein av årets yngste gullmerkevinnarar.

Årets tur-o-sesong er avslutta og Sveio O-lag har nyleg arrangert sin årsfest med utdeling av merke, plakettar og premiar.
Under tilskipinga i Førde samfunnshus, kunne meir enn 150 blant dei meir enn 200 deltakarane gjennom årets sesong ta imot synlege bevis på velfortent heder og ære.
Blant merkevinnarane blei 90 tur-o-deltakarar heidra med gullmerke. Tre av dei mest ihuga og uthaldande tur-o-folka kunne etter årets sesong ta imot kvar sin gullplakett. Dette tyder at dei har oppnådd gullmerke gjennom 15 sesongar. Dei tre gullplakettvinnarane var Marianne Svarverud Hansen, Synnøve Espeseth og Marit Tveit.
Det blei i tillegg delt ut tre sølvplakettar og fem bronseplakettar. Gjennom årets tur-o-sesong kunne deltakarane orientera seg fram til i alt 119 ulike tur-o-postar, som var spreidde i ulike terreng kring i mest heile kommunen. Fire deltakarar, Roald
Johannessen, Linda Beate Peters, Jana-Elena Koser og Hildegunn Halleland besøkte alle desse postane.
Tur-o-deltakarar som ønskjer å kvalifisera seg for merke og plakettar, må registrera seg og sine postbesøk enten på Sveio-o-lag si nettside for turorientering eller senda inn eit deltakarkort på papir etter at sesongen er avslutta. Talet på deltakarar som vel nettløysinga aukar jamt. 154 nytta dette tilbodet i år, medan vel 20 valde papirløysinga. På nettsida blei det gjennom denne sesongen registrert nær 7000 postbesøk, noko som vitnar om at turorientering lokkar svært mange ut i skog og mark i Sveio.

Årsmøte 2025:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008