Vestlandspremieren: O-løp på Auklandshamn
Av Kristian den 30.03.25

Starten på Vestlandspremieren i 2024
Lørdag 5. april inviterer Sveio O-lag til stort o-løp frå Kysttunet i Auklandshamn med høve til å starta frå kl. 12.00. I løpet av vinteren har Sveio O-lag fått synfart det aktuelle løpsterrenget på ny, slik at deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand. Det blir tilbod om løyper for o-løparar i alle aldrar og på ulike ferdigheitsnivå. Løypetilbodet varierer frå dei enklaste og kortaste for nybyrjarar og dei aller yngste, opp til dei meir avanserte o-løypene for erfarne løparar. Me håpar på godver, folkefest og opnar kiosk med sal av pølser i brød, nysteikte vaflar, saft og kaffi.
Meir info finnes på Eventor saman med innbydelse.