High Five!

Av Kristian den 13.05.25

Eit ekstra tur-o-tilbod i Friluftslivets år.
Frå og med 16. mai er fem nye postar klar for besøk. Fire postar ligg på fjelltoppar og èin post i rein idyllisk natur. Kartet kan lastast ned gratis frå Sveio Orienteringslag si side hos www.turorientering.no.
Du kan også få utdelt gratis kart hos Haukås bensinstasjon. Loddtrekking av fine premiar ved sesongslutt.
Desse fem postane kan registrerast både digitalt og på papir som vanlege tur-o-postar. Dei tel også som postbesøk om du samlar poeng til merke og statuettar ved sesongslutt.
God tur!



Årsmøte 2026:
Resultater:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett