Av Kristian den 25.05.08

for heile familien
Finn Fram dag
med Kaffipost
Søndag 1. juni
mellom kl. 12. og 15.00, i det idylliske, men heller ukjente friluftsområdet Slettene i Auklandshamn
I tillegg til eksisterande tur-o-postar og den utlyste Kaffiposten i Slettene denne dagen blir der lagt ut ei enkel o-løype med 6 postar. Premiar blir trekt ut mellom alle som fullfører.
På kvar av postane står eit av dei lokale friluftslaga på post og tilbyr ulike aktivitetar, oppgaver eller utfordringar.
Desse laga blir med: Sveio Skyttarlag, Sveio Turlag, Sveio Jeger og Fisk, Ørevik 4 H, Bua-speidarane, Sveio Kystlag, Førde Paintballklubb og Sveio O-lag.
Sal av grillmat, kaffi, saft og kaker |
Parkering: Auklandshamn skule/Auklandshamn Handel. Enkel o-løype langs veg fra P-plass til Slettene. Kart blir utdelt på P-plass fra kl. 11.00. Premiering.
Du kan også dra til Slettene/Lambeidvågen med eigen båt.
Arr: Sveio Orienteringslag