DnBNortur 2

Joavatnet rundt

Same utgangspunkt og p-plass kan nyttast som for turen til Børshovda. Føl traktorvegen/stien sørvestover i retning Liervatn. Etter at stien kjem ned på ei myr mest i nivå med Liervatn, svingar stien og går langs myrkanten vestover mot elva som renn mellom Joavatn og Liervatn. Her, ved ein ruin i form av gamle gråsteinsmurar, ligg posten. Ruinane langs elva skriv seg frå sagbruk og kvernhus, som gardane på Lier eigde og dreiv til og med andre verdskrigen.
Gardane i Førde fekk også utført maling av korn og skjering av tømmer på Lier-saga. Ferdigskoren material måtte berast på ryggen opp til Joavatnet, bindast saman i flåtar, som deretter blei slepte etter ein flatbotna robåt til nordenden av Joavtanet, Sponavika.

å få tømmeret frå Joavatnet, over dei glatte og bratte berga og ned til saga før skjering til plank og bord, kunne vera eit livsfarleg arbeid. Mange fine rasteplassar i området mellom Joavatn og Liervatn. Rundturen kan halda fram på sti til grusvegen, Liervegen, som føl Joavatnet nordover til Røykenes-vegen/ålfjord-vegen.
Årsmøte 2020:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008