DnBNortur 3

Lierfjell

Turen til Lierfjell kan starta ved avkøyringa til Førde skule. På sørsida av E 39, tvers overfor Førde skule, startar ein traktorveg, som ein kan følgja opp dei brattaste stigningane mot Lier. Derifår er det merka sti eit lite stykke fram mot neste traktorveg, som går mest til topps. Siste stykke kryssar stien eit par myrar, over eit lågt høgdedrag før siste kneiken langs sti mot toppen. På toppen ligg ei mobilmast, som viser vide omkring. Herifrå er ein fantastsik utsikt mellom anna nordover mot Siggjo i Bømlo kommune Kattnakken på Stord og Kvinnherad-fjella mot nordaust. Ned frå Lierfjell kan ein velja fleire ulike ruter. Den lengste og mest varierte ruta går sørover mot dei idylliske Lier-gardane og ned mot Lier-vatn. For vel ein generasjon sidan budde meir enn fire familiar på Lier. Dei fleste fekk si hovudinntekt frå jorda og skogen. Nå er buplassane blitt til feriehusvære. Berre beitande sauer har nå lengre opphald på Lier. Ver difor nøye med å lukka att grindar de går gjennom. Frå Lier kan ein følgja grusvegen langs Joavatnet tilbake mot utgangspunktet i Førde.
Årsmøte 2020:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008