DnBNortur 4

Emberlandsnipen

(271 meter over havet)
Denne toppturen skil seg på mange måtar frå turane til dei andre toppane i Sveio ved at oppstigninga kan gjerast mest utan merkbar stigning. Ein tydeleg sti går frå Auklandshamn skule eller frå butikken i Auklandshamn og sørover i slakt skogsterreng. Langs ruta ligg fleire idylliske vatn. Turen, som tar om lag ein times tid, før ein når toppen, blir premiert med eit fantastisk utsyn over heile Sveio og enda mykje vidare. Frå toppen kan ein ta ei kortare og brattare rute ned i retning garden Sætre. Her kan ein følgja ein tydeleg sti gjennom variert skogsterreng ned til bilvegen. Siste delen av ruta ned mot Sætre går langs ein gammal ferdselveg, som gjekk mellom Sætre og over til gardane på Emberland. Du kan tydeleg sjå ein fint oppmura veg der stien i dag går langs nokre hundre meter.
Den raskaste vegen til toppen av Emberlandsnipen er å gå denne tydeleg merka, men dels bratte stien opp fra Sætre, ein god halvtimes tur.
Årsmøte 2020:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008