DnBNortur 6

Kattabergfjellet

(89 meter over havet)Turstien mot Kattabergsfjell tar av frå Paddevegen. Du kan også finna ein sti som tar av inne frå bustadfeltet på Fjellstad. Greiast parkeringsplass er ved kyrkjegarden, litt nærare Sveio sentrum.
Nokre hundre meter frå Paddevegen deler stien seg og ein kan velja å ta ein liten rundtur i litt sørvestleg retning i høve til hovudløypa.
Toppen av Kattabergsfjell, der posten ligg, er markert med ein spiss stien, som står på høgkant. Frå toppen er det god utsikt mot Sveio sentrum og i den andre retninga kan ein sjå Bømlafjorden.
I følge lokalihistorikar Sigurd Tveit gjekk den gamle kyrkjevegen mellom Søre Mølstre og Sveio, om lag langs dagens tursti frå Paddevegen/Fjellstad til Kattabergsfjellet.
Eit stykke vest for Kattabergsfjellet, nær Furevatnet, skal det ha lege ein gamal, gard, Istertveit. Her skal ha skjedd eit sjaulsidrap der til sist to brør miste livet og tenestejenta, som dei begge trakta etter, skal ha drukna seg i Furevatnet. (S. Tveit i boka «Bygdalangs»)
Den dag i dag skal det finnast to store steinar, Brørsteinane, vest for Kattabergsfjell, ein gong reist som eit minnesmerke over dei to som miste livet i striden om kjærleiken.

Koordinatane for Kattabergsfjell er: 6605337 og 292205
Årsmøte 2020:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008