Kaffipost i teltet

Av Kristian den 24.09.09

Kristina Enerstvedt var ein av Sveio O-lags vertar under haustens kaffipost(Foto: Sigmund Enerstvedt)

Haustens kaffipost i Sveio O-lags turorientering blei søndag 20. september slått saman med aktivitetsstand under Førde-dagane.
I til dels skinande haustver blei o-lagets raude telt slått opp på plassen framfor Førde samfunnshus. Frå teltet blei det selt kaffi, saft og kaker slik det brukar å vera under kaffipostane ute i marka.
Den planlagde kaffiposten, som skulle haldast i Drångsvågen ved Førde, blei likevel plassert ut i terrenget med tilhøyrande kode for innskriving i deltakarkortet. Men serveringa denne fine haustdagen vart flytta til teltet ved samfunnshuset. Meir enn 60 turorienterarar stakk innom.
På standen under Førde-dagane kunne Sveio O-lag dessutan tilby ei enkel o-løype rundt smafunnshuset og tilhøyrande vegar og p-plassar.
Seks postar var lagt ut. På kvar post hang også ein bokstav, som deltakarane skulle skriva ned på kartet sitt. Dei seks bokstavane, som skulle vera teikna ned etter avslutta rundtur i løypa, kunne setjast saman til løysingsordet: SPRING.
Alle som fullførte løypa fekk tidelt kvar sin premie.
Dessutan blei det trekt ut ein litt større premie blant alle dei vel 30 deltakarane i aktivitetsløypa. Vinnar blei Lars Ove Føyen.
Tradisjonen tru blei det også trekt ut ein premie mellom alle besøkjajde på haustens kafffipost i teltet. Vinnar blei Thomas Almås.

Godt besøk ved teltet på Sveio O-lags stand under Førdedagane.(Foto: Sigmund Enerstvedt)


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008