Foto-orientering nytt av året

Av Kristian den 05.04.11

Finn Fram-dagen 2010
Sesongstart søndag for årets turorientering. Bildet er frå den store familieaktivitetsdagen, Finn Fram dagen som Sveio O-lag drog i gang på Tittelsnes i fjor vår.
Når startskotet går søndag 10. april for årets turorientering er det samtidig premiere på årets nyvinning, Foto-orientering.
Som eit ekstratilbod i år er alle deltakarkonvoluttane utstyrte med dette nye tilbodet, som inneber at ni postar er teikna inn på eit kart. På kvar av desse avmerka stadene på kartet er det tatt foto, ni til saman, som deltakarane skal sortera og ordna med eit foto til kvar av dei ni avmerka postane.
Tilbodet eignar seg godt for både unge og eldre ettersom løypa er planlagt langs gode turvegar og stiar.
Men det tradisjonsrike og populære tilbodet med familie-turorientering omfattar i år seks ulike kart over variert terreng spreidd rundt i kommunen, frå Tittelsnes i nord og sørover via Einstabøvoll, Hope, Førde, Auklandshamn og på båe sider av Paddevegen.
Nærtrimmen, der dei meir uerfarne kan få prøva turorientering i sitt eige nærmiljø, er også klart til bruk saman med Barnas turorientering. Dette omfattar fem ulike kart i større målestokk og med noko enklare postar å leita etter.
Tilbodet inviterer til besøk ved 20 ulike postar, som står ute i terrenget heilt fram til sist i november.
Fleire av årets tur-o-postar er utstyrte med kulturminneplakatar. Det tyder at på stader som det knyter seg kulturhistorisk interesse til, får tur-orienteringsfolket lagt ein ekstra dimensjon til turane gjennoe høve til litt lærdom og oppleving rundt lokalhistorie.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008