O-eventyr i Sverige

Av Kristian den 29.07.11
O-ringen 2011
Troppen frå Sveio O-lag i Sverige på siste tevlingsdag i Hälsingland. Frå venstre i fremste rekke: Sunniva S. Førde, Bjørnar S. Førde, Jørgen Fiskå og Louise Fiskå. I Bakre rekke frå venstre: Kristian S. Førde, Thomas Førde, Astrid Sandvik, Kjetil Fiskå og Eli Fiskå.

”Herliga sommardagar” har åtte av Sveio o-lags løparar lagt bak seg i Hälsingland i Midt Sverige, 25 mil nord for Stockholm. Deltaking i verdas største orienteringskonkurranse er blitt sommartradisjon for fleire av av laget sine løparar.
Sidan søndag 24. juli har dei åtte aktive frå Sveio o-lag deltatt i fem konkurransar kvar. Veret blei fantastisk bra dei siste dagane, men starta med nokre skremmande regnbyger. Men arrangementet med meir enn 10 000 deltakarar i 85 ulike konkurranseklassar er så velorganisert at alt fungerar knirkefritt om det er regn eller sol.
Terreng og løyper kan vera noko ulikt det me er van med her heime. Løypene er jamt over lengre og med vanskelegare orientering enn det me er van med på våre kantar. Men i dei svenske skogane denne gongen var det rikeleg med store steinar høgder og små kollar, tett vegetasjon, steinte skogsbotn og dels vanskeleg framkommelig terreng.
Likevel oppnåde laget sine løparar fleire gode resultat. Samanlagt hevda Bjørnar S. Førde seg best med ein 6. plass i ungdomsklasse 4. Louise Fiskå blei nr 10 i same klasse samanlagt. Sunniva S. Førde blei til slutt nr. 17 i klasse D 17-20 der om lag 40 løparar deltok. Jørgen Fiskå blei nr. 22 samanlagt i den store nybegynnarklassa for gutar.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008