Mange gullvinnarar i turorientering
Av Kristian den 28.11.12
Tur-o-sesongen er ført fram til eksamensfesten. Fredag 23. november blei det delt ut plakettar og merke i gull sølv eller bronse saman med heider og ære. I år kunne Sveio Orienteringslag heidra ein plakettvinnar, som har gått til gullmerke gjennom 20 sesongar.
Årets mestvinnande tur-o-deltakar heiter Reidun Haukås. Ho har synt imponerande vilje ettersom ho har besøkt minst 1000 tur-o-postar i løpet av dei 20 siste åra.
Like bak Reidun Haukås kom denne sesongen tre andre plakettvinnarar, som har oppnådd gullmerke 15 år på rad. Dei tre er Astrid og Eivind Nesse og Karl Inge Instefjord. Alle desse blei heidra fredag 23. november under årsfesten i Førde Samfunnshus.
Der er dessutan imponerande at nær 50 tur-o-deltakarar har besøkt minst 50 postar denne sesongen og dermed gjort seg fortent til gullmerket.
Der er samtidig særs gledeleg at svært mange barn og unge har nytta tilbodet Barnas Tur-o/Nærtrim. Over tretti barn og unge har gjort sge fortent til gull eller sølvmerke innan denne varianten av årets turorietering.
Det aller nyaste tilbodet innan turorientering er foto-orientering. Denne sesongen kunne Sveio-O-lag tilby to ulike tilbod innan Foto-o, eit i Førde og eit anna tilbod i Sveio sentrum. Alle deltakarar, som har sendt inn løysingsordet frå Foto-o, blei med i trekning om premiar.