Suksess med gulljakt i skogen i 25 år

Av Kristian den 02.12.18

Nokre av plakettvinnarane under Sveio O-lag sin årsfest: I bakre rekke frå venstre: Hans Enerstvedt, Roald Johannessen, Harald Selsås og Oddbjørn Valen. I fremste rekke frå venstre: Vigdis Svendsbø, Olaug Fagerland og Frøydis Valen. (Foto: Thomas Førde)

For første gong kunne Sveio Orienteringslag i haust dela ut plakett til deltakarar i laget si turorientering som har sikra seg gullmerket 25 år på rad.

Dei to fortenestefulle vinnarane er Frøydis og Oddbjørn Valen som i løpet av 25 år har funne meir enn 1250 tur-o-postar på ulike stader rundt i Sveio kommune.
Under Sveio O-lag sin årsfest i Førde samfunnshus blei det delt ut plakettar og merke i gull, sølv og bronse til nær 90 av deltakarane i årets turorientering. Fire ihuga deltakarar, Kristina Enerstvedt, Astrid Førsund, Inge Berglund og Harald Selsås, kvalifiserte seg denne sesongen for 20-årsplaketten.
Etter 15 år på rad med oppnådd gullmerke kunne Torhild Matre og Roald Johannessen ta imot gullplaketten, medan Olaug Fagerland og Vigdis Svendsbø begge fekk sølvplaketten etter 10 år på rad med 50 postkvitteringar årleg.
Bronseplaketten gjekk til Johan Blytt, Hans Enerstvedt og Jan Ekrene.
Til årets sesong med turorientering hadde Sveio Orienteringslag eit bredt tilbod av postar i særs variert terreng frå Tråvås i Valestrandsfjella i nord til Ryvarden og Lyngholm i sør og lengst i vest. Turpostar var dessutan å finna mellom Paddevegen og Markavegen, mellom Førde og Liervatnet og sør for Auklandshamn skule.
Sveio O-lag er alt i gang med planlegging av ny sesong med turorientering.
Sjå årets merkevinnarar, side 1 Sjå årets merkevinnarar, side 2

Frøydis og Oddbjørn Valen er dei første som har oppnådd gullmerket 25 år på rad i Sveio O-lag si turorientering. (Foto: Thomas Førde))


Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008