Rekordmange tur-o-postar klar for besøk

Av Kristian den 08.04.19

Sveio O-lag opna tur-o-sesongen forrige helg. (Foto: Thomas Førde))

Aldri før har Sveio O-lag kunna tilby så mange tur-o-postar spreidde rundt i så store delar av kommunen som denne sesongen.

Vårsola har vist seg tydeleg nokre gonger. Det tyder samtidig at Sveio O-lag sine tur-o-postar nå er klar for besøk rundt i ulike turterreng i kommunen.
Førstkomande helg går startskotet for 2019-sesongen og då ligg meir enn 100 ulike postar og ventar på tur-o-folket. Aldri tidlegare har tilbodet vore så variert og omfattande.
Postane og rundturane finst i ulike typar terreng, frå Valestrandfjella i nord til Ryvarden i sørvest. Seks ulike kart og terreng er tatt i bruk for å kunne gjera denne sesongen ekstra variert og spennande. Vanskegraden når det gjeld bruken av kart og kompass og kor lett eller tungt det er å ta seg fram i terrenget varierer sterkt frå tur til tur, frå det enkle til det utfordrande.
Postane eller turløypene i Valestrandfjella er for dei litt øvde og vidarekomne, dei som likar utfordringar. Løypa mellom Mølstrevåg og Ryvarden fyr går i slakt og småkupert terreng, inneheld mange postar, men kan og by på visse utfordringar i eit terreng med eit kart som er rikt på detaljar.

Nye område for tur-o
Sveio O-lag har i år forsøksvis tatt i bruk kommunale plankart til ei rundløype med 10 postar i det populære turområdet mellom Førde kyrkje og fjelltoppen Dreng. Her kan tur-o-folket i hovudsak følgja lett framkommelege traktorvegar og stiar frå post til post.
Ei nytt turmål er også toppen av Selsåsåsen og ei rundløype som føl til dels oppmerka stiar og skogsvegar i idyllisk furuskog, inn til Liervatn og tilbake langs Røykeneselva.
Frå Kleivo ved Vandaskog ligg postar langs ei rundløye i ope og lett tilgjengeleg terreng. Turen til topps på Slettafjellet ved Auklandshamn kan og gjerast som ein rundtur langs tydelege stiar.

Nærtrim og foto-orientering
Også i denne sesongen kan Sveio O-lag tilby eigen turpakke med Nærtrim og Barnas Tur-o. Denne pakka inneheld fire ulike kart over fire forskjellige terrengtypar i Sveio, nær kjende utfartsmål og langs spennande turstiar.
Deltakarane som kjøper ein av dei to tur-o-pakkane får også høve til å prøva seg på foto-orientering, i Førde og i Sveio sentrum. I Førde sentrum har parkanlegget nær Strando og Prestabryggjo blitt vidareutvikla i stort omfang til beste for alle som vil prøva foto-orientering.


Årsmøte 2020:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008