Idyllisk Fyr-O ved havet

Av Kristian den 02.06.19

Etter ei ruskete natt til lørdag utvikla sjølve løpsdagen seg med strålande ver over Ryvarden fyr. Aldri før er det blitt arrangert o-løp med mål ved fyret. Difor nytta mange høve til å delta ved dette høvet. 143 o-løparar stilte til start i Fyr-O som og var KM i mellomdistanseorientering for Rogaland o-krets.
Kretsmeister i herreklassa blei Ole Magnus Laugaland frå Ålgård medan Aud Hognestad Taksdal frå Ganddal vann gullmedalje i dameklassa.
I ungdomsklassane D15-16 og H 15-16 gjekk begge gullmedaljane til Sandnes, til høvesvis Julie Aksland og til Markus Richter.

Gullmedaljen i jenteklassa D13-14 blei vunnen av Anna Taksdal frå Ganddal, medan Samuel Stokkeland frå Ålgård gjekk til topps i guteklassa H 13-14.
Arrangørklubben Sveio O-lag fekk ros frå mange av deltakarane for gode løyper, spennande terreng og for ein flott arena ved fyret.

Sjå resultaliste og kart med løyper her: https://eventor.orientering.no/Events/Show/11122
Sjå fleire bilder på Facebook-sida til Sveio O-Lag: https://www.facebook.com/sveiool/posts/2208742112574141

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008