Velkommen til sesongstart for turorientering!

Av Kristian den 23.03.20



Alt er nå klart for lansering av vårt eineståande friluftstilbod. Konvoluttar med kart og deltakarkort frå og med mandag 23. mars, lagt ut for sal hos Haukås bensinstasjon. Dei andre utsalstadene, som butikkane i Førde, Auklandshamn og Valevåg, vil i løpet av eit par dagar ha same tilbodet.

Dessutan er alle kart og turar tilgjengelege på nettsida til www.turorientering.no ( Sjå lenke til høgre på denne sida) Der kan du lasta ned alle 12 karta i årets tilbod og minst like mange turar.

Sveio O-lags tur-o tilbod har aldri vore breiare enn i år. 120 postar kan besøkjast i løpet av sesongen.

I familekonvolutten, som kostar kr. 200, finn du i år 6 ulike kart (Lyngholmen, Fjellstad, Førde-Lier, Framnes-Liervatn, Auklandshamn og Valestrandfjella). Som bonus får du to kart med Foto-orientering.

Den andre pakka, Nærtrim/Barnas-Tur-o, kostar kr. 100 og inneheld fire kart (Slettene i Auklandshamn, Fjellstad, Førde og Festningen på Tittelsnes) I denne pakka ligg også to bonuskart med Foto-orientering.

I desse karantene-tider kan det vera helsebot i å gå tur i skog og mark. Turorientering er ein av dei svært få idrettane som nå har helsestyresmaktene si velsigning.

Men hugs alltid å følgja FHI sine råd om smittevern; hald avstand og ikkje gå mange i lag.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008