Finn Fram dag på søndag

Av Kristian den 28.08.20

Aktivitetsdag i friluft for heile familien og for alle andre som vil besøka Rex Garden og Strando i Førde førstkomande søndag.
Sveio Orienteringslag saman med speidarane i Bua og Førde samarbeider om arrangementet som mellom anna tilbyr ei rundløype med åtte postar i dette idylliske tur- og rekreasjonsområdet midt i bygda.
I rundløypa møter deltakarane ymse oppgåver innan orientering og i tillegg har nokre av postane aktivitetar som publikum får høve til å prøva. Speidarane tilbyr mellom anna kajakk og kanoar som kan prøvast i trygge omgjevnader. Men hugs å ta med eigen redningsvest. Av smittevernomsyn blir det ikkje høve til å låna denne gongen. På programmet står elles pilkast-tevling med premiering og kviss.
Alle som gjennomfører rundløypa med dei åtte postane kan motta premie. Det blir også loddtrekking av premiar blant alle deltakarar som registrerer seg under søndagens Finn Fram dag.
Det blir høve til å kjøpa pølser i brød og bollar, saft og kaffi i grillhytta.
Koronsituasjonen gjer at arrangementet må forenklast noko denne gongen og alle må ta smittevernomsyn. Hald avstand og vask hender. Desinfeksjonsmiddel blir tilgjengeleg - bruk dette!
Vel møtt til ein trygg og triveleg aktivitetsdag i friluft!


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008