Ein Finn Fram dag av ypperste merke.

Av Kristian den 30.08.20

Ein fantastisk arena, flott ver og mange blide folk, som tydeleg likte å møtast til ymse aktivitetar i friluft. Dette er resepten på ein vellukka Finn Fram dag; og det blei det på Strando/Prestabryggjo og i Rex Garden i Førde søndag. Sveio O-lag hadde laga ei rundløype langs gangvegar og stiar i parken. Løypa hadde åtte postar med ymse o-tekniske oppgåver. På fleire av postane var det dessutan aktivitetar som pilkast-tevling, kviss, kanopadling m.m. Alle som gjennomførte rundløya, og det blei 150 til saman, fekk premie. I tillegg blei det premiering i pilkast-tevlinga. Midt i løypa var det lagt inn ein matstasjon, kiosk, kor det var høve til å kjøpa pølser i brød, kanelbollar, saft og kaffi. Alt blei utselt. Bua-speidarane og Førde-speidarane var medarrangørar medan Sveio O-lag hadde regien og hovudansvaret.



Årsmøte 2021:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008