Inviterer til postjakt i påskeferien

Av Thomas den 27.03.23

Tur-orienteringssesongen opnar før påske. 80 postar er lagt ut og klar for besøk frå og med palmehelga. Her er Bjørnar S. Førde avbilda under postjakta i fjorårssesongen.


Førstkomande helg blir det sesongopning for årets turorientering i mange delar av Sveio kommune. Sveio O-lag har gjennom fleire månader førebudd sesongen. 80 postar er nå sett ut i skog og mark, frå nord til sør.

På sørsida av Mølstrevågen, mellom Skålaskog og Avløype, har Sveio O-lag aldri tidlegare plassert tur-o-postar. I dette opne og småkuperte terrenget får du utsyn langt vestover i havet frå enkelte høgt plasserte tur-o-postar.
På nordsida av Mølstrevågen er ny tursti er blitt rydda og merka, i terrenget mellom sjøen og vegen som går vestover til Ryvarden fyr. I dette lette terrenget finn du i år 15 tur-o-postar som du kan besøkja. Nede ved fjorden passerer du framom eit gamalt steinbrot kor fundamentet til rådhuset i Haugesund vart teken ut for snart 100 år sidan. I dette gamle steinbrotet er det sett ut bord og kvilebenker saman med infotavler som fortel historia.

Langs nye stiar
Den nye turstien frå Drange til Storestraumen ved Rødspollen blir i år for første gong ledetråd for tur-o-postar. Stien går gjennom vekslande terreng, mellom skogholt, over myrar, høgdedrag og til dels ope landskap og fram til rasteplassen der Rødspollen er på sitt smalaste.
Dagsturhytta, Nipaståvo, kan også i denne sesongen vera utgangspunkt for spennande postjakt i terrenget mellom Tjernagel, Åsbu og Auklandshamn. Frå stien sørover mot Slettafjellet, ber det vidare til topps på Tindafjellet.

Start-pakke
For dei yngste og for vaksne som vil prøva turorientering for første gong, har Sveio O-lag lagt opp fire enklare o-løyper fordelt på like mange tur-område. Lengst i nord ved Valevåg i Eivindsmarka kan du langs gode turstiar utforska eit spennande terreng med friskt rennande vatn, leikeapparat og naturstiar som er tilrettelagt av Valestrand skule.
Ved Auklandshamn ligg postar nær skulen og langs stien i retning Nipaståvo. I Førde ligg postane langs den nye skogsvegen frå samfunnshuset og austover gjennom Solheimsdalen. Aust for Fjellstad ligg nærtrim-postane like ved Paddevegen.
Alle som kjøper årets tur-o-mapper med kart og info-materiell, får samtidig ein kode som gjer at alle årets kart fritt kan lastast ned til PC og til mobiltelefon. Kvart postbesøk kan dessutan registrerast umiddelbart ved å skanna ei QR-kode til mobiltelefonen.
Kart og deltakarkort kan kjøpast hos Haukås bensinstasjon, hos Joker Førde og i daglegvarebutikken i Valevåg.


Den idylliske rasteplassen ved Rødspollen blir arena for vårens Kaffipost i Sveio O-lags turorienteringstilbod.


Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008