Suksess med Gilde-sprinten i Førde

Av Kristian den 14.06.05
Responsen frå lærarar og elevar var grenselaust god. Starumen av ros og takk frå skulen har ennå ikkje gitt seg.
Gildesprint-tilbodet er ei fantastisk pakke som langt fleire klubbar bør nytta seg av. Rett innhald i ei slik innpakking kan skapa ein fantastisk godvilje for o-sporten.
50 elevar ved Førde skule i Sveio fekk torsdag 9. juni nyta godt av o-sportens dag i skulen saman med saft og grillpølser.
Sveio O-lag med godt støtte frå Gilde, skipa til Gildesprinten, eit skreddarsydd aktivitetsopplegg med kart og kompass i sentrum, tilpassa mellomtrinnet i skulen.
Litt om opplegget
Etter ei teoriøkt innandørs med gjennomgang av kva eit orienteringskart eigentleg er, var det klart for ein travel og tettpakka aktivitetsdag ute i terrenget.
Elevane blei klassevis sett på ulike utfordringar og prøvar. Dei fekk delta i stafett der rett namn skulle plasserast på rett karteikn. (Kart-teikn-stafett)
Ei anna gruppe fekk utlevert o-kart og skulle springa etter ein turleiar, som stoppa på ulike stader i terrenget. Utfordringa for elevane var å sei kor på kartet ein nå hadde stoppa. (Følg John)
Samstundes fekk ei anna elevgruppe teikna inn ein post på sitt kart og måtte ut finna den avmerka posten i terrenget. (Stjerneorientering)
Alle fekk prøva ei hinderløype med mange spennande utfordringar. I hinderløypa blei det introdusert moderne tidtakarutsyr, ei databrikke til kvar deltakar. (EKT skulebrikker). Dette var som ei generalprøve før det avsluttande orienteringsløpet.

Grillpølser og T-skjorter
Men før finalen var det grilling av pølser med saft attåt. Etter fullført o-løp fekk alle deltakarane utdelt kvar si T-skjorta til minne om Gilde-sprinten og ein særs vellukka o-dag i skulen.
O-sportens dag i skulen bør bli årviss. Nøkkelen til suksess er blant anna tettpakka aktivitetsprogram slik at elevane ikkje rekk å kjeda seg. Alle klubbar må nytta seg av dette fantastiske rekrutteringstilbodet som NOF og Gilde nå tilbyr.

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008