Vital-turen nærmar seg innspurten

Av Kristian den 23.09.07

Fra toppen av Lierfjell med Emberlandsnipen i bakgrunnnen. Begge desse toppane har kvar sin Vital-tur post.


15. oktober er teljedato for kor mange som har gått Vital-turen rundt i landet. Klubbar som har greid å mobilisera sine medlemmer til innsats kan få pengegåver.

Sveio O-lag ligg bra an. Me er i år med på Vital-turen for første gong. Fire turarar er lagt opp av Sveio Orienteringslag (Sjå brosjyra som beskriv dei fire ulike turane).

Dei fire Vital-tur postane, Lierfjell, Joavatnet, Børshova og Emberlandsnipen, kan du besøkja når du vil. Men skal du og Sveio O-lag få poeng, må du registrerar din eigen konto på nettet på adressa www.vital-turen.no.


Hugs å registrera Sveio Orienterinsglag som din klubb, elles får ikkje O-laget poeng når du går tur og me går glipp av verdfuelle pengebidrag til å kunne laga nye o-kart over spennande tur-terreng i Sveio.

Når du er registrert på internette kan du senda ei SMS-melding via mobiltelefonen kvar gong du beøskjer ein Vital-tur post.


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008