Sommarleikar i det fri

Av Kristian den 25.05.08
tryggnatur

for heile familien


Finn Fram dag
med Kaffipost

Søndag 1. juni
mellom kl. 12. og 15.00, i det idylliske, men heller ukjente friluftsområdet Slettene i Auklandshamn


I tillegg til eksisterande tur-o-postar og den utlyste Kaffiposten i Slettene denne dagen blir der lagt ut ei enkel o-løype med 6 postar. Premiar blir trekt ut mellom alle som fullfører.
På kvar av postane står eit av dei lokale friluftslaga på post og tilbyr ulike aktivitetar, oppgaver eller utfordringar.


Desse laga blir med: Sveio Skyttarlag,  Sveio Turlag, Sveio Jeger og Fisk, Ørevik  4 H,  Bua-speidarane, Sveio Kystlag, Førde Paintballklubb og Sveio O-lag.


sveioollogoPaintballskyting, mønstring av båtar, lær og ro, lær knutar, grilling, bading, kasting med fiskestong, luftgeværskyting, hesteskokasting, demonstrasjon av førstehjelp og livredding, instruksjon i bruken av kart og kompass pluss vandring i fjæra og på idylliske turstiar.


Sal av grillmat, kaffi, saft og kaker


Parkering: Auklandshamn skule/Auklandshamn Handel. Enkel o-løype langs veg fra P-plass til Slettene. Kart blir utdelt på P-plass fra kl. 11.00. Premiering.
Du kan også dra til Slettene/Lambeidvågen med eigen båt.

Arr: Sveio Orienteringslag



Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008