Dei to karta er begge i målestokk 1:5000. Det eine kartet dekker turområdet nærast Auklandshamn skule, det andre rundt friluftsområdet ved Slettene. Ein centimeter på desse karta utgjer 50 meter i terrenget. Eit stort og tydeleg kart skulle gjera det enklare å orientera seg.
To omgangar
Med litt hjelp frå foreldre og føresette kan dei yngste i løpet av sesongen finna 20 postar. 10 postar, som er merka med ein ring på kartet og nummerert frå 1 til og med 10, er ute i vårhalvåret frå 20. mars til 26. juni.
Dei neste 10 postane merka med ein trekant på kartet kan besøkjast frå 10. juli til 9. oktober.
Deltakarkort
På kortet finn du ei fin teikning ved sida av nummeret til kvar post. Den same teikninga møter du igjen dersom du har funne rett post i skogen. Kvar post er dessutan markert med raude og kvite plater. I tillegg til ei teikning, finn du på kvar post to bokstavar som du skriv ned på deltakarkortet.
NB. Pass på at deltakarkortet ikkje blir vått. Hald det inni plastlomma når du er ute på tur.
Send inn
Alle som sender inn det ferdig utfylte deltakarkortet sitt før 23. oktober til Solfrid Josefsen , 5554 Valevåg ( soljos@frisurf.no ) , kan få merke.
Har du besøkt alle 20 postane, får du gullmerke, 15 postar gir sølv og 10 postar bronse.
I ”Barnas o-tur” blir det delt ut andre merke enn i vanleg turorientering .
Ekstra premie
Alle som sender inn deltakarkort, blir med i trekninga om ein flott premie ved sesongslutt.
Berre eit namn kan skrivast på kvart deltakarkort. Ekstra deltakarkort kan kjøpast for kr. 10.
Bli medlem i Sveio O-lag
Dersom du betalar kr. 25 (barn) til O-laget sin bankkonto (sjå vedlagt bankkgiro), kan du bli medlem i Sveio O-lag. Dess fleire medlemmer laget får, jo større inntekter, og dermed betre råd til å kunne laga nye orienteringskart over nytt turterreng i Sveio.
God tur.
Med helsing Sveio Orienteringslag

Auklandshamn Handel
Tlf. 53741845
Førde Fritid og Opplæring |
Barnehagetilbod og Skulefritidsordning (SFO)
på Førde Gard Ta kontakt med Astrid Sandvik
|