DnBNor-turen

Vitalturen er blitt til DnbNor-turen

Seks turpostar på spennande turmål, spredt rundt i Sveio kommune er nettopp plasserte ut og skal bli ståande resten av året.
Dei seks turane står omtala i ei ny hendig fargerik brosjyre. Her finn du tekst bilde og kart som viser kor du lettast kan gå for å finna posten. Brojysra kan du lasta ned her frå denne nettsida eller du kan få ho på utsalsstadene der Sveio O-lags sel sitt tur-o-materiell.
DnBNor-turen heitte i fjor Vitalturen. Sveio O-lag arrangerte Vitalturen for første gong i fjor. Når du skal delta, bør du registrera deg på internett på denne adressa: http://dnbnorturen.karbon.no/.
Der avgjer du sjølv kva brukarnamn og passord du vil nytta. Hugs å skriva inn ditt mobiltelefonnummer.

Når du kjem inn på din nyopna tur-konto, hugs å registrera deg med Sveio Orienteringslag som klubb. Dermed får Sveio Orienteringslag poeng og kan få utbetalt bonuskroner fra DnBNor når sesongen er slutt.Når du kjem fram til ein av dei seks DnBNortur-postane i Sveio kan du via eigen moibiltelefon senda inn ein kode, som du ser på oppslaget på posten. Då blir du sjølv med i trekkinga av flotte premiar, samtidig som du etter kvar registrering støttar Sveio Orienterinsglag. Men viktigast av alt, du får flotte turopplevingar i skog og mark.

Brosjyren for DnBNor-turen 2008

DnBNor-turane:

  1. Børshovda
  2. Joavatnet rundt
  3. Lierfjell
  4. Emberlandsnipen
  5. Målefjell
  6. Kattabergfjellet
Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008